BOK
anmeldt
J.K. Baltzersen
Grunnlov og frihet
Turtelduer eller erkefiender?
Kolofon 2017
Ib. 527 sider
Denne boka har eg hatt liggjande snart eitt år før eg for litt sidan tok meg på tak for å lesa henne. Då eg såg boka, fekk eg ei kjensle av at dette er kjedelege og sære greier, men der tok eg feil. Rett nok er boka spesiell og på mange måtar politisk ukorrekt, til tider er ho også urealistisk i sine synspunkt og framlegg. Det gjer at boka på ein del punkt framstår som provoserande, men det gjer henne ikkje uinteressant – tvert imot!
KRITISK TIL FEIRINGA
Bok[a] er skriven opp mot 200-årsjubileet for Grunnlova, og ho løftar på mange område fram alternative synsmåtar i høve til det som då kom fram. Ho løftar også fram fakta som elles i liten gradvert lagt vekt på, eller som heilt vert sett bort frå. Generelt er ho kritisk til måten Grunnlova vert omtalt og feira på, til ei viss grad er ho også kritisk til Grunnlova sjølv. Den fridomen som vert lovprist knytt til Grunnlova, er ikkje så sterk som ein vil ha det til – korkje i lova eller i praksis. Boka er særleg kritisk til den juridiske positivismen, der både Stortinget og Høgsterett til ei kvar tid tolkar – og omtolkar – Grunnlova i samsvar med det politiske fleirtalet si oppfatning.
OPPSIKTSVEKKANDE
Fokusert i boka er altså det Grunnlova seier om fridom og menneskerettar. Den vert plassert inn i ulike filosofiske, ideologiske og politiske tenkjemåtar. Det gjeld forståinga av liberalisme og demokrati, av ytringsfridom og eigedomsrett, av økonomi og lovgjeving, av folkesuverenitet og mindretalsrettar. Det er oppsiktsvekkande artiklar om Høgsterett, og om kor viktig Riksakta av 6. august 1815 var for union med Sverige. Det er synspunkt som seier at vi må få tilbake kongemakta, fordi parlamentarismen utviskar maktfordelingsprinsippet mellom lovgjevande, utøvande og dømmande makt.
OPPLYSANDE
Kort sagt: Dette var ei mykje meir opplysande, spennande og utfordrande bok enn eg tenkte – og ein treng på ingen måte vera samd i alt som her vert ført til torgs, for å ha utbytte av henne. Ho er særleg aktuell for politikarar og andre samfunnsengasjerte menneske. Boka inneheld 18 passeleg lange artikler av ti skribenter – med litteraturliste og noter med meir.
Johannes Kleppa
Denne anmeldelsen sto på trykk i avisen Dagen 30. mai 2018 på sider 22-23.